Ein haustdag i september sette vi oss på bussen, klare for ei reise gjennom noko av det mest spektakulære vi har å by på her på Nordvestlandet. På menyen stod mellom anna sagnomsuste fjordar, smale vegar, ein smeltande isbré, den vakraste stranda i landet, eit spøkelseshotell, pilegrimsvandring på ei klosterøy og kontakt med firbeinte vener. For ikkje å snakke om ein haug med sveler og ferger. I dagar  med sol og dagar med regn var det plass til mange inntrykk, men også kos og leik og ord til ettertanke i kveldsskumringa.

Vel heime venta nye dagar med valfag og fellesfag. Og no, på terskelen til haustferien, ligg kjensla av at den store reisa berre såvidt har starta, -sjølve folkehøgskulereisa. Takk for turen så langt!

Under kan du sjå nokre av bileta frå Vestlandsturen 2018.

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.