Tekst og foto: Hallvard

Det er sagt: «Elsk kvardagane, for det er flest av dei!» På skolen kan det periodevis opplevast som at det er få kvardagar. Særleg i starten av skoleåret er det sjeldan at dagen er som gårsdagen. Nye utfordringar og opplevingar står i kø. Men etterkvart har vi heldigvis fått oppleve nokre kvardagar. Måltida og rutinene byrjer å bli innarbeidd. Sannelig er det godt å oppleve at det faktisk er nokre faste punkt i livet. Viktig å kjenne at kvardagane også har mykje ved seg. Det er mange smil i dei dagligdagse gjeremåla. Og det er her potensialet ligg for at skoleåret skal bli vellukka. Kvardagen er sikker. Og robust. Han melder sin entrè av seg sjølv. Då gjeld det å ta imot han som ein ven. Gjere stas på han og takke for at han kjem. No er ikkje skolekvardagen hos oss lik skolekvardagen i andre skoleslag. Her trengs det ikkje å bli lest til eksamen. Men i opplegget på kvardagane skal alle lære å bruke kvardagen rett og sjå stort på akkurat denne dagen ein lever. Ei god livsinnstilling, spør du meg.

 

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.