Tekst: Hallvard

Foto: Knut Ståle og Matthias

Etter fantastisk båttur inn Storfjorden kom vi fram til turistbygda Geiranger. Eit svært cruiseskip MSC Preziosa på 333,3 m låg allereie fortødd. Så delte flokken seg. Nokre vart igjen i bygda og fekk mellom anna omvisning på Norsk Fjordsenter. Dei fleste tok ein mindre båt til kaia rett under fjellgarden Skageflå. Det vart ein strabasiøs tur opp dei 250 metrane. Sjølv om det var ein fuktig og grå dag, vart utsikta betre etter kvart som følget klatra oppover stien.  På andre sida av fjorden lyste fossen «De syv søstre» sløraktig kvitt og var med å skape eventyrstemning.

Etter pause gjekk turen over fjellet til Homlongsetra som ligg 544 m.o.h. Heldigvis trekte skyene seg litt til side så Geiranger kom til syne. Vel inne i sentrum vart det høve til is og andre forfriskingar saman med hundrevis av turistar frå heile verda.

Tilbake gjekk båten kl 16.15 og i løpet av to timar køyrde vi frå stupbratte, farlige fjell, til vidare og flatare kystområde. Kjekt å bli kjend med ein spennande fjord.

 

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.