Betlehem 2

Eineståande gjestfrie, imøtekomande hyggelege, annaleis, billegare. Slike adjektiv brukte elevgruppa som tok seg ein ekstra dag i Betlehem.

Vår ven frå fleire år tilbake, Elias i Bibelselskapet, fortalde si eiga fascinerande livshistorie og om Israel-Palestina-spørsmålet sett frå den sida. Ein bil tok oss til Herodion-borga, eit fascinerande byggverk av den elles nokså gale kongen på Jesu tid. Gamlebyen vart tråla på kryss og tvers. Samtalar, møte med menneske på gata og hotellet. Inntrykk frå ein heilt annan kultur, som kjempar for å overleve som veslebror på andre sida av muren.

Alt i alt ei ganske annleis oppleving som krydrar turen til Midt-austen for dei 11 som var med.

Herodion 1

Herodion 2

Herodion 3

Herodion 4

Betlehem

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.