er namnet på Holocaust-minnesenteret i Jerusalem. ‘Minne og namn’ er måten dei 6 millionane offer for nazistane sitt folkemord skal ivaretakast på. Eit gedigent museum, så godt tilrettelagt at det var hardt å halde tårene tilbake.

IMG_0788_20141021_215107

Like sterkt var vitnemålet til kvinna som hadde overlevd utryddings-aksjonane og -leirane. Fødd og oppvaksen i Polen, vart først faren, så mora og brørne hennar tekne, truleg til leiren Treblinka. Ho vart på mirakuløs måte teken vare på av stadig nye menneske. Ho skifta mor gong etter gong, sa ho sjølv, og trudde som 6-åring at det var heilt naturleg.

Ho enda til slutt i Bergen Belsen-leiren, der ho vart sett fri av engelskmennene i 1945. Medan 10 000 lik låg utan å vere gravlagde rundt leiren, fekk ho reise til Sverige og deretter til New York der ho fekk eit godt liv, ifølgje henne sjølv.

Gripande minne frå ei som har sett helvetet frå innsida.

IMG_8099

IMG_0794_20141021_215052

IMG_0790_20141021_215104

IMG_0799_20141021_215040

 

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.